Lat oss gjera sidemål til ein fryd!
Sidemålsordninga fungerer ikkje som ho skal. Mange elevar får aldri ein reell sjanse til å læra sidemålet sitt skikkeleg. Då er det ikkje rart at dei vert frustrerte. Det er på tide å gje sidemålsopplæringa ei real oppussing.
Nokre vil meina at den enklaste løysinga er å gjera sidemålet valfritt. Det høyrest jo lettvint og greitt ut, men problemet er nettopp det – at det er litt for lettvint. For det er verdifullt å vera skrivefør i båe dei samfunnsberande skriftspråka våre. Ikkje berre fordi dugleik i nynorsk og bokmål (som har vore jamstelte, offisielle skriftspråk i Noreg sidan 1885) høyrer til den ålmennkunnskapen me bør ha om bakgrunnen og samfunnet vårt. Men også fordi det opnar mange fleire moglegheiter for kvar enkelt. Skal du kunna velja fritt kvar i landet du vil bu og kva du vil arbeida med resten av livet, så må du kunna både bokmål og nynorsk.
Eg kunne greidd ut i det vide og det breie om alle dei andre gode grunnane til å læra sidemål, som kognitiv stimulans, betre føresetnader for å læra fleire språk, større forståing for «uvande» norske dialektar (eg kjenner faktisk folk som må knota for å verta forstått når dei vert ringde opp av statistikkbyrå og telefonseljarar frå sentralaustlandet!), og så vidare, men eg skal la det liggja nett no. Viktigare enn «for eller mot»-diskusjonen, er nemleg diskusjonen om korleis me gjer sidemålet til ein fryd. For valfritt eller ikkje: Me må kunna forventa at opplæringa held ein viss standard.
Problemet i dag er at norske skuleelevar ikkje får ein rimeleg sjanse til å læra sidemålet – som dei får karakterar og kanskje også eksamen i. Dette fører igjen til at mange får eit kjelkete forhold til sidemålet sitt. Det er fleire grunnar til at det er slik:
Sidemålsopplæringa byrjar altfor seint. Dei fleste byrjar å læra sidemålet sitt i 9. klasse. Det er ikkje akkurat god timing. Når ungdomane er 14-15 år gamle, er både skulemotivasjonen og evna til å læra språk på full fart nedover. Samstundes byrjar hormona å koka. Det er ein dårleg kombinasjon, for å seia det mildt.
Opplæringa er «isolert». Serleg elevar med bokmål som hovudmål opplever ofte at den einaste plassen dei brukar nynorsk, er i sidemålstimane. Samstundes veit me at elevar flest får veldig få sidemålstimar – dei aller fleste frå 0,5 til 1 time i veka. I løpet av 9. og 10. klasse til saman tilsvarer det éi til to vanlege arbeidsveker – og etter det vert det forventa at elevane meistrar sidemålet godt. Er det rart folk vert frustrerte?!
Kvaliteten på opplæringa er for dårleg. Dette heng mellom anna saman med tidspresset. Med så lite tid til å læra sidemålet, vert mykje av undervisninga redusert til krampaktig grammatikkpugging. Dimed vert sidemålsopplæring – for å seia det rett ut – dritkjedeleg.
Dette kan me berre ikkje feia under teppet. Me må reparera. Eg har nokre idear:
1. Start sidemålsopplæringa på barneskulen, slik at elevane kan verta kjende med sidemålet sitt før hormona byrjar å koka, før språklæringsevna byrjar å skrumpa, før dei rekk å byggja seg opp negative haldningar. Og slik at dei kan få god tid til å læra seg sidemålet sitt skikkeleg før eksamen kjem.
2. Ta i bruk sidemålet som arbeids- og undervisningsspråk i andre fag enn norsk, slik at elevane kan læra det gjennom praktisk bruk. Dette har også vore prøvd ut med opplyftande resultat på Holmlia i Oslo og Vågsbygd i Kristiansand.
3. Legg betre til rette for lærarane. Mange norsklærarar vert uteksaminerte utan nokon gong å ha lært korleis dei kan læra bort sidemål på gagnleg vis. Når timetalet i tillegg er så lite, er det knapt til å undrast over at metodevariasjonen i sidemålsundervisninga er mykje skrinnare enn i til dømes hovudmålsundervisninga.
Både Norsk Målungdom (som eg representerer) og AUF (som Kamzy representerer) er tilhengjarar av obligatorisk sidemålsopplæring – men ingen av oss er tilhengjarar av dårleg og dysfunksjonell sidemålsopplæring! Me vil ha ei ordning som gjer at alle elevane lærer seg både bokmål og nynorsk skikkeleg, utan å få vonde kjensler knytt til det eine eller det andre språket. Me vil, kort fortalt, ha ei sidemålsordning som fungerer, slik at det å læra sidemål vert ein fryd. Det har både språka våre og elevane fortent!
Etter forslag frå Kamzy har eg også omsett teksten til sidemål, for å visa korleis ferdigheiter i både nynorsk og bokmål kan vera nyttig når ein skal prøva å nå ut til folk. Difor kan du trykkja her for å lesa gjesteblogginnlegget mitt på bokmål.
Vebjørn Sture
